Vi har eigen bil no. Det passar fint med bil når det er ferie. No har vi som folk flest pakka bilen med det vi treng, samt barnevogn, bleier og barn. Vi har berre eitt barn. Likevel er bilen full. Trur ikkje vi skal ha fleire barn på ei stund. Det held med eitt barn no, så lenge.
No er ferien, og vi, på plass ved ein fjord. Frå no av og framover skal vi berre slappe av, feriere, finne oss sjølve, sove søvn vi ikkje har sove og fylle batteria med energi og fjordluft vi ikkje får kjøpt i byen vi lever i til vanleg. Vi skal også lese alle bøkene vi ikkje fekk lese i fjor, skrive artikkel, ferdigstille ei brosjyre, planlegge ein jazzklubb, sette opp nettsider og bruke tid på den vesle som treng at noko brukar tid på han heile tida.
Så lenge fjorden let meg få sjekka posten min, den elektroniske, slappar eg av.
Plassen ved fjorden heiter Luster og er ein plass i indre Sogn. Eg er født og oppvaksen i Luster. Eg har flytta frå Luster. Luster er trygt plassert midt i Noreg sin store natur ved ein fjord. Fjorden er lang, og langs fjorden går det ein veg (det går ofte vegar langs fjordane). På ein passande plass langs fjorden og på begge sider av vegen har folk busett seg. På begge sider ruvar det høge fjell. Det er vanskeleg å sjå over fjella. Enten ser ein innover i fjorden, men det er ikkje så mykje lenger å sjå, eller så ser ein utover fjorden og der ute bur alle dei andre vi ikkje kjenner så godt. Utover fjorden går ferjene. Det har sikkert budd folk her lenge. Folk som bur i Luster held på med sitt slik folk flest eigentleg gjer. Dei held på med sitt inne i fjorden og lenger ute i fjorden held dei også sikkert på med sitt.
Ferien går snart vidare.
Etiketter: ferie
innlegg av JazzyHal #
17:33