Klokka 11 i dag sto familien på tre klare utanfor bassenget. I bassenget var det lagt opp til familiebading. ”
Maks tre barn per vaksne person, du har sjølv ansvar for poden, du har maks ein time på deg til å bade deg ferdig”. Perfekt for oss i og med at vi berre har ein pode.
Sjølv om bassenget opna portane presis klokka 11 denne dagen var vi ikkje dei einaste som kunne tenkje seg å duppe poden. Greitt det. Vi fant oss fort til rette i ”miljøbassenget” (ingen kunne forklare meg dette namnet på ein fullgod måte. Det var like mykje klor i dette vatnet som i det andre vatnet. I tillegg vassa det minst 40 små barn rundt i bassenget som garantert endå ikkje hadde kontroll på lukkemuskulaturen i dei nedste kroppsopningane).
Altså, oppi dette bassenget, som var mindre enn det store bassenget, sat det 40 podar (av begge kjønn (usikker på kva for kjønn ordet pode eigentleg er)). Saman med dei 40 podane sat det minst ein vaksen som hadde ansvar. Med andre var det minst 80 personar oppi dette plaskebassenget med ein vasshøgd på 60cm. Føresetnadane var på usikker grunn.
Mr. L (poden min) diggar vatn sjølv om han må ha på seg armflyteringar som begge er større enn hovudet hans (han skjønnar liksom nytten av dei). Han lot seg ikkje stresse av dei 80 andre.
Det utviklar seg fort ein eigen kultur i eit slikt basseng. Ein kan ikkje bevege seg og må med andre ord kommunisere med dei andre. Det går fort sport i å ha den yngste, modigaste og mest velutvikla poden. I kommunikasjonen med andre senkar ein fort alderen med både to og tre månadar, samtidig som ein presiserar at dette er fyrste gongen i vatn for poden. På denne måten skal ein liksom byggje opp ”kredd” for både ein sjølv og poden. Ikkje det at Mr. L tenkjer så mykje på kreddopptjeninga (men det kan komme til nytte seinare i livet tenkjer eg). Det heile enda med symjande podar på 20kg i ein alder av fem månadar. Ein skulle ikkje tru.
Timen gjekk fort og med klorraud hud labba familien (som endå var tre) i dusjen for å bli kvitt så mykje av miljøet som mogleg.
Det blir garantert fleire familiebadeutflukter denne hausten, i tillegg til beinhard trening her heime i stampen.
Etiketter: Lenny, tankar
innlegg av JazzyHal #
21:12