Kona hadde vore der før, det hadde ikkje eg.Det er mykje ein kan seie om Paris. Det ofte mykje å seie når ein besøker andre land og kulturar. Ein får liksom kontrastane med på kjøpet av flybillettar. Saman med ein overflod av fantastiske gamle bygg, med ein historie eldre enn fleire eg kjenner, blir Paris fort noko ein opplever med hjelp av beina. Mykje vandring til saman.Paris får poeng for eit par ting eg vil nemne. Vi, kona og eg, kunne i svært liten grad skimte butikk- eller restaurantkjedar i byen. Det florerte av kafear, restaurantar, delikatessebutikkar og andre matvarebutikkar. Men, ingen av dei var prikk like. Ei breidde, sortiment for ikkje å snakke om kreativt utval hos alle. Kanskje eit lite paradoks at vi bruke mykje av tida på Starbucks?! Vel, her har Noreg mykje å hente. Ein blir fort lei av prikk like butikkjedar, som eg i denne samanhengen ikkje ønskjer å bruke spalteplass på. Kanskje litt dumt at berre nokre få kjedeeigarar skal sitte att med alt overskotet, mens handelsinntekta kunne vore fordelt over mange fleire? Ikkje det at eg er økonom av noko slag, altså.I fare for å høyrast ut som ein gammal, konservativ pensjonist vil eg berre slå fast at i Paris blir alt søppel fjerna frå gata heile tida. Det er ikkje så vanskeleg, sånn med tanke på å berre gjennomføre det (!!)
I fare for å framstå som ein lite avslappa fyr på ferie saman med kona si i ein fremmande by, vil eg berre slå fast ein ting. Vi sov, vi gjekk, vi åt, vi drakk (vin altså) og vi kosa oss. Utan barn.
Mr. L kunne melde om at han også hadde slappa av utan oss.
Etiketter: ferie
innlegg av JazzyHal #
20:09