The little family blog

mandag, april 23, 2007

 

Sjuke barn er ikkje det verste

Heime med sjukt barn i dag. Til vanleg tilseier sjukt barn dårleg samvit for det eg ikkje får gjort på jobben. I tillegg dukkar kravet om ein heilt annan type energi og tolmod opp. Sjuke barn krev ein del.

I dag skein sola og termometeret passerte 10 grader med eit skeivt smil om munnen. Eg skjønte at eg kunne spele korta mine fornuftig og vinne minst ei øvre hand. Då sola sto på det høgaste og termometeret fortsette forbi ti, sovna vesle håpefulle i vogna og eg hadde ein heil by for meg sjølv. Ein park, ein benk, kaffi og is er ikkje det verste på ein måndag når alle andre er på jobb.

Eg naut det heile.

Men ein kan lure på kva alle dei andre folka gjer på. Rundt meg i byen, for ikkje å snakke om i parken, var det masse av folk. Veldig masse folk. Eg trudde ein måndag i april, litt etter klokka tolv, ville vere ei einsam tid i parken. Eg trudde det skulle vere sånn fordi store delar av arbeidsstyrken skulle vere på jobb.

Slik er det altså ikkje.

Nokon er sikkert heime med sjukt barn slik som meg. Andre har kanskje ilt i ein fot, nokon er studerande og andre er ferdig arbeida. Og så er det kanskje ein haug andre, meir eller mindre, gode grunnar for å vere i parken på ein måndag i april litt etter klokka 12.

Det er heile har vel med at vi er ein gjeng individualistar som vil gjere akkurat det vi vil når det passar oss best. Velkommen generasjon MeWe.

Uansett, i morgon, tysdag, litt etter klokka tolv, finn du meg på kontoret mitt.

Etiketter:


Merknader: Legg inn en kommentar





<< Hjem

Arkiv

november 2004   desember 2004   januar 2005   februar 2005   mars 2005   april 2005   mai 2005   juni 2005   juli 2005   august 2005   september 2005   oktober 2005   november 2005   desember 2005   januar 2006   april 2006   mai 2006   august 2006   september 2006   oktober 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   april 2007  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]