The little family blog

søndag, september 16, 2007

 

prosent eller prosentpoeng

Spør om språk (Dagbladet søndag 16. september 2007):

Vi kan lese at Noregs Bank har hevet renten med 1,5 prosentpoeng til 4,5 prosent. Men det kunne vel like gjerne ha stått at Noregs Bank har hevet renten med 1,5 prosent til 4,5 prosentpoeng? På skolen lærte vi om prosent, men hørte aldri om prosentpoeng. Er dette en medieskapt uttrykksmåte? Hva mener Uri & Tonne?

Hilsen en leser frå Vågå

Det dukkar opp ei rekkje tankar rundt det eg les:

1) Dagbladet: Takk for initiativet til denne språkspalta. Det er naudsynt.

2) Du frå Vågå: Spør mor di før du skriv inn eit spørsmål til riksdekkande media.

3) Mor til lesar frå Vågå: Kva tenkte du på?

4) Du frå Vågå: Du var ikkje på skulen den dagen dei andre lærde om prosentpoeng

5) Alle: Ikkje ta opp store lån dersom du ikkje veit forskjellen på prosent og prosentpoeng

6) Kristin Halvorsen: SV kan ønskje at nedgangen i valoppslutninga var på 6 prosent og ikkje 6 prosentpoeng…

7) Du frå Vågå: Verda, slik du ser den, er faktisk ikkje mediaskapt. Dropp Se&Hør, Dagbladet og VG og opplev ein ny verden.


I morgon reiser eg (faktisk) til Vågå. Gruar meg litt no

Etiketter:


Kommentarer: Legg inn en kommentar





<< Hjem

Arkiv

november 2004   desember 2004   januar 2005   februar 2005   mars 2005   april 2005   mai 2005   juni 2005   juli 2005   august 2005   september 2005   oktober 2005   november 2005   desember 2005   januar 2006   april 2006   mai 2006   august 2006   september 2006   oktober 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   april 2007   mai 2007   august 2007   september 2007  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]