The little family blog

fredag, oktober 19, 2007

 

Stor som pappa

- Pappa, seier han til meg
- Ja, svarar eg og skjønnar at noko er i gjerde.
- Når eg blir tre år blir eg stor
- Ja, du blir ein god tanke større, svarar eg.
- Når eg blir tre år får eg like store øyrer som deg, og så får eg like stort hovud som deg og, fortset han.
- Ja, du blir nok større, men eg trur ikkje du skal satse på øyrestørelsen min, svarar eg.
- Når eg blir tre år skal eg bli pappa, fortel han vidare. - Eg skal ikkje bli mamma, neiiii, eg skal bli pappa når eg blir tre år.
- Eg håpar du ikkje blir pappa når du blir tre år, eg håpar du ventar ei god stund med å bli pappa, svarar eg. - Eg håpar du kan vente minst ein del år til.
- Ja, det kan eg gjere, pappa, svarar litt skuffa. - Eg kan vente litt til, men når eg blir tre år er eg stor, sant pappa?

Etiketter:


Kommentarer:
Ikke lenge til gutten begynner å bruke blåskjorte under kjeledressen skjønner jeg.
 
Legg inn en kommentar





<< Start

Arkiv

november 2004   desember 2004   januar 2005   februar 2005   mars 2005   april 2005   mai 2005   juni 2005   juli 2005   august 2005   september 2005   oktober 2005   november 2005   desember 2005   januar 2006   april 2006   mai 2006   august 2006   september 2006   oktober 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   april 2007   mai 2007   august 2007   september 2007   oktober 2007   november 2007  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]