The little family blog

onsdag, mai 28, 2008

 

office music


Etiketter: , ,


 

Mixtape til folket


Kom over eit nytt bra konsept på nettet her om dagen - Muxtape. Vi huskar alle den gamle gode kassetten. Ja, den med to sider som vi kunne spole fram og attende. Og så kunne vi ta opp musikk på kassetten. Om att og om att. Og vi kunne ta opp forskjellige songar i ein nøye gjennomtenkt rekkefølgje – mixtape.

Og så kom cden og ting forandre seg ein god del.

Og så kom eg altså over Muxtape.

Greia er enkel. Du opprettar ein konto, lastar opp musikken din og setter den i den rekkefølgja du meinar høver seg best. Og vips-vaps så har du (og alle) andre ein mixtape som er nøye gjennomtenkt og nydelig å ta med seg vidare på den smale vegen. Og så kan du sjølvsagt lytte på andre sine mixtapes. Og her om dagen kom eg også over ein søkemotor for Muxtape som heiter (hold deg fast) MuxFind.

Det er så mykje deilig musikk på gang no. Eg treng nokre veker fri med internetten direkte kobla til stereoen.

Kan eg få anbefale nokre mixtapes?
http://tamjpn.muxtape.com/ - diggar Moon over Bourbon street versjonen, i tillegg er jo Waits og Sinatra alltid bra.
http://micspecial.muxtape.com/ - mykje deilig jazz.
http://andreasjp.muxtape.com/ - mykje rart og moro her. Men Queen og McFerrin rockar alltid


Lenker:
http://muxtape.com/
http://muxfind.com/

Etiketter: , , , ,


onsdag, mai 07, 2008

 

Dagens mashup = last.fm + youtube

Denne er fin. Ei nettside som koplar saman din personlege musikksmak frå last.fm og hentar videoane til musikken din frå youtube. Kva får du? Timevis med nydelig underhaldning.

Og om du ikkje har eit brukarnamn/konto på last.fm kan du jo bruke mitt – Jazzyhal – for eg har jo tidenes musikksmak (og ego).

http://tv.timbormans.com/

Etiketter: , , , ,


tirsdag, november 27, 2007

 

Kjerringa med staven

Deilig start på arbeidsdagen når NRK jazz kan spele eit livekutt frå Moldejazz i 1964 der Dexter Gordon møter Ivar Medås. Saman spelar dei ”Kjerringa med staven” og humøret mitt har stige mange hakk ekstra.

nrk.no/jazz

Etiketter: ,


fredag, januar 05, 2007

 

Bossa i sør

Viste du at alle musikarar som ikkje kan spele med andre musikarar er trygt plassert på ei øy langt sør? Du viste det kanskje, men eg viste det ikkje før no nettopp. Det var no i jula eg fant ut av dette fenomenet. Eg tenkjer på musikarar som berre spelar saman med datamaskina si, maskiner som i gamle dagar inneheldt Band-in-a-Box. Dette fenomenet gjeld spesielt engelske menn som, blant anna, kan klimpre Stairway to heaven på ein gitar mens datamaskina slår ein herleg bossa-takt. Fordi det er, ganske ofte, ikkje mange rytmeartar ein har å velje mellom. Og det viser seg altså at det meste går til bossa.

Greia er altså at ein sit der på ein uterestaurant og skal prøve å fylle magen etter ein lang dag med mykje sol og varme. Servitøren i kvit skjorte med litt for mange knappar oppe og eit digert gullkjede prøver seg med dårlige vitsar til kona di. Han vil at ho skal betale middagen i dag og alle ler høfleg med. Mens ein sit der og prøver å finne ut kva for slags mat dei kan finne på å steike godt og lenge sit det ein engelsk mann på podiet med gitaren og rytmeboksen og spelar Imagine til bossa-takt. Godfoten min, eller rytmefoten om du vil, nektar å rikke på seg. Foten streikar og eg kjenner ein intens uvilje mot det musikalske makkverket. Ingen applauderar etter at siste splashcymbal har sagt sitt. Folk latar som om ingen ting har skjedd. Den engelske mannen med gitaren ser litt tomt ut i lufta, skrur ned tempoet på rytmeboksen, rullar i gang ein ny bossa og syng ein eller annan song som Elton John sikkert har skrive.

Heldig som eg ofte kan vere vart eg denne jula invitert til ei øy langt sør saman med familien min. Lang flytur, lange lyse dagar, mykje sol, mykje varm og mykje basseng. Godt for kroppen ei god tid framover.

Men, det var altså på denne øya at eg fekk eit litt mindre godt forhold til bossa på boks.

Eg lar heller vere å fortelje om alle sjå-ut-som-stjerner-artistane. Spesielt briten som underhaldt på den lokale puben som både, ja både, Elton John og Tom Jones. Tenke seg til å sjå ut som to forskjellige artistar samstundes!

Etiketter: , ,


mandag, desember 25, 2006

 

julekorps

Det spelte eit korps i kyrkja i går. Korps er sjeldan bra. Og ein ting er sikkert, korps kan ikkje akkompagnere song. Men, kvifor var korpset invitert i kyrkja i går? Denne eine dagen i året kyrkja er fylt til randen. Denne eine dagen kyrkja verkeleg kan rekruttere nye medlemmar og slå fast at dei tilhøyrer ein del av det ordinære samfunnet, eller staten om du vil.

Min vesle teori rundt dette med korps i kyrkja er ganske enkelt og høgst sannsynleg reelt. Som vi alle veit er korps ein del av fagforeiningsmiljøet. LO har, gjennom Valla, teke kontroll over kyrkja og saman med Ap tvinga sosialismen inn bak veggane. Valla støttar statskyrkja mot at kyrkja tek inn korpsa. Valla tenkjer nok at ho skal kunne omvende resten av folket gjennom korpsspel.

Men, ein ting kan eg fortelje. Du blir ikkje sosialist eller fagforeiningsmenneskje av korpsspel. Fyrst må korpset stemmast, så må det trimmast og så må alle spele etter same rytme og tempo.

Og så MÅ alle slutte med ”En stjerne skinner i natt

Etiketter: , , ,


lørdag, mars 05, 2005

 

GP suger

Eg innrømmer det, eg såg den norske Grand Prix finalen i kveld. Eigentleg underhaldt eg son min. Han har eit enormt behov for å suge, men klarar ikkje halde smokken i munnen meir enn fem sekundar om gongen. Han treng med andre ord hjelp til å halde smokken i munnen stort sett heile tida. Dette førte til at eg fekk med meg store delar av GP. Det meste er sagt før om dette ultra-harry konseptet som berre blir eldre og eldre. Dette kan, diverre, ikkje hindre meg å ytre meg om dette tema:

For, det kan vel ikkje vere heva over noko som helst tvil at musikalsk så er vi på eit lavmål.

Når det er sagt… i dag strakte Leander seg til heile 59 cm (23,23 inches long). Han har med andre ord vokse 6cm på 33 dagar. Det blir nesten 2 millimeter pr dag det!

hal

Etiketter: ,


fredag, januar 28, 2005

 

Tidenes jazzcover...

...må vere den nydelige rosa framsida på ”My Spanish Heart” (1976). Mannen med dei lange tangentfingrane heiter Chick Corea og står fram som ein Spansk matador med tidenes syttitalsbart. Musikken bak den rosa framsida er noko av det beste to øyrer kan ta inn. Steve Gadd på trommer, Don Alias på perkusjon og Narada Michael Walden som handklappar er rytmeseksjonen som får fram jazzfoten hos einkvar korpsmusikar.
hal

Etiketter: ,


søndag, januar 09, 2005

 

Eit ønskje for 2005:

La julesongen ”En stjerne skinner i natt” ligge innelåst og ubrukt nokre år framover. Verre misbruk av julesong skal ein leite lenge etter. Kan hende julesongen i utgangspunktet er fin, men når kvart eit korps, mannskor, ten-singkor og samling av menneskjer på død og liv skal synge denne songen så rotnar den innafrå.

Spar meg for dette

hal

Etiketter: ,


Arkiv

november 2004   desember 2004   januar 2005   februar 2005   mars 2005   april 2005   mai 2005   juni 2005   juli 2005   august 2005   september 2005   oktober 2005   november 2005   desember 2005   januar 2006   april 2006   mai 2006   august 2006   september 2006   oktober 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   april 2007   mai 2007   august 2007   september 2007   oktober 2007   november 2007   desember 2007   januar 2008   februar 2008   mars 2008   mai 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]