The little family blog

fredag, november 23, 2007

 

nettsjef


Fredagen kom attende veldig fort denne runden. Rundetidene blir betre og betre for kvar veke som går. Ny verdensrekord kvar gong.

I tillegg har vinteren meldt seg i Molde og berre eit steinkast lenger borte skal vi runde over til desember. Desember, denne herlege månaden som alt er kledd i raudt.

Og sidan sist, som alltid er ei god stund sidan, har eg avslutta eit stort arrangement og tatt på meg tittelen nettsjef (ja, vi har oversatt webmaster til dette språket). Eg skal no sjå til at ungdom i Møre og Romsdal helst held seg trygt på UNGweb.

I prosessen med å opprette ei sosial nettside for gjengen her har eg satt meg godt inn i liknande tilbod der ute på verdsveven. Eg er no fast brukar av:

Og der set eg strek. Snart på tide å kutte ned forbruket av sosiale tenester. Blir berre mindre sosial av dette.

Så, der har du meg på ein god dag

Etiketter: ,


onsdag, november 01, 2006

 

lystig? neppe

Det måtte jo komme. Alle viste om det. Dei varsla det til og med. Men uansett likar eg det ikkje. Eg misslikar det veldig sterkt. Sjølv om eg har vore borti det før, kjem det veldig overraskande på meg kvar gong. Og så oppdagar eg at eg heilt har gløymt det. Gløymt korleis det eigentleg var. Eg likte det betre slik det var for ikkje så lenge sidan. Det var lettare då. No er det berre møkk.

Oppi det heile er det nokon som jublar. Dei skal liksom strø salt i auga på meg no som eg allereie ligg nede med ruinerte forventningar. Dei ser fram til det som kjem, og dei vil ha meir av det. Mykje meir. Meir er betre, for mykje er best. Destruktivt tenkjer eg. Destruktivt mot eigen kropp, for ikkje å snakke om sinne.

Eg har bestemt meg for å bli inne. Det er lettar slik. La det berre ligge der ute. Ikkje ta stilling til det, ikkje konfrontere det. Det som skjer ute kan styre med sitt, så kan eg styre med mitt her inne. Så lenge vi ikkje provoserar kvarandre skal dette kunne gå bra. Eg veit at det er ein slutt på dette og. Det er berre det at det er så veldig lenge til. Møkk!


Eg hatar når vinteren kjem

Etiketter: ,


mandag, november 22, 2004

 

når mørke no har senka seg

....og eg ser utover byen, så ser eg egentleg ikkje mykje då det er så mørkt blitt. Ein kan så lett byrje lure på korleis ein skal klare seg gjennom denne lange, mørke og kalde vinteren. Er det noko håp for oss der framme? eller må vi leve i ei bobble fylt med håp og stearinlys....

det er berre 60 dagar attende og ho vaggar meir og meir. Det må vere trongt for han der inne no, og trognare skal det bli. Hadde han berre visst kva han har i vente....

i morgon er det berre 59 dagar att

Etiketter: ,


Arkiv

november 2004   desember 2004   januar 2005   februar 2005   mars 2005   april 2005   mai 2005   juni 2005   juli 2005   august 2005   september 2005   oktober 2005   november 2005   desember 2005   januar 2006   april 2006   mai 2006   august 2006   september 2006   oktober 2006   november 2006   desember 2006   januar 2007   februar 2007   mars 2007   april 2007   mai 2007   august 2007   september 2007   oktober 2007   november 2007   desember 2007   januar 2008   februar 2008   mars 2008   mai 2008  

This page is powered by Blogger. Isn't yours?

Abonner på Innlegg [Atom]